«Slik var det»/”Så var det”
fre. 01. mai
|Fossehuset
Bill. kr 350. Vipps #576605 Den svenske skodespelaren Etienne Glaser framfører teatermonologen «Slik var det», på svensk “Så var det”,som kort sagt handlar om livet og døden.


Tid og stad
01. mai 2026, 19:30
Fossehuset, Strandebarmsvegen 153, 5610 Strandebarm, Norge
Om arrangementet
Etienne Glaser, med seg har han kona, konsertpianist Maria Rostotsky. Ekteparet fekk strålande kritikkar for tolkinga si av dette stykket på Fossefestivalen i Oslo 25.
Hovudkarakteren i dette stykket er ein gamal kunstnar som veit at han ikkje har lenge igjen å leva. Han ser tilbake på sitt eige liv og undrar på kva som ligg framfor seg. Den ytre handlinga er enkel, oppsetjinga sameleis, men tematikken er eksistensiell.
“Den gamle mannen er som ein sil som livets vatn renn gjennom. Og dette vatnet er jo mitt vatn”, sa Glaser i intervju med Åsne Dahl Torp i fjor. I tillegg til å spela hovudrolla har Glaser også hatt regien for denne oppsetjinga.
Det svenske kunstnarparet hadde svært lyst til å vitja heimbygda til Jon Fosse, og festivalnemnda er glad for å kunna få lov til å visa dette spesielle stykket for publikum i Strandebarm. 87 år gamle Glaser er ein røynd og vidkjend kunstnar i Sverige. Han har arbeidd som regissør, skodespelar og manusforfattar innan film og teater gjennom eit langt liv.
Maria Kostotsky er etablert som ein av dei fremste og mest allsidige musikarane i Sverige. Ho har vore solist hjå Filharmonikerna og andre svenske orkester og gjesta utanlandske scener i samband med konsertar og festivalar. Ho samarbeider med aktørar innan ulike andre kunstartar, slik som her saman med ektemannen i “Så var det”:
Program Fossedagane 2026
- Fleire datoarlør. 02. maiPlassering er ikke bestemt ennåAVLYST Teaterensemblet De Utvalgte ved regissør Kari Holtan set opp skodespelet «Skuggar».

lør. 02. maiFossehusetSend melding til 90915419 for å bestille billett. Få igjen ☺️ «Mor og barn», eit intens drama mellom ei mor og hennar vaksne son. Levande lesing med skodespelarane Hildegun Riise og Morten Svartveit Programmet varer om lag ein time Fotokredit: Det Norske Teateret - Fotokredit: Erika Hebbert
lør. 02. maiFossehusetBill. kr 300. Vipps #576605 To av dei mest kjende og kjære kunstnarane i Hardanger har komponert eit poetisk program til Fossedagane 2026.
