top of page
  • Facebook
  • Instagram

Jon Fosse

agnete brun jon fosse samlaget 2 – Kopi – Kopi.webp
”Klangen frå Strandebarm ligg i botnen av alt eg skriv. Haustmørkret. Tolvåringen som går på ein smal bygdaveg. Vinden, regnet som piskar, fjorden slår. Eit einsleg hus med lys i vindauge. Kanskje kjem det ein bil. Dei tinga der ligg i botnen av alt eg skriv.»

Jon Fosse

Foto: Agnete Brun- Samlaget

Om Jon Fosse

Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I snart førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker.

 

Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har fått ei rekkje prisar både i inn- og utland.

​

Jon Fosse voks opp på eit småbruk i Strandebarm i Hardanger. Han gjekk på gymnas i Øystese og studerte ved Universitetet i Bergen.

 

Fosse er cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap. Han har heile sitt vaksne liv hovudsakleg vore forfattar på fulltid, men har òg arbeidd som journalist, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og som litterær konsulent.

 

I dag er Fosse busett i Oslo. I 2011 vart han tildelt statens æresbustad Grotten, som ligg i Slottsparken. Fosse bur også dels i Hainburg an der Donau i Austerrike og på Frekhaug ved Bergen.

​

Fosse debuterte som forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, men han ser sjølv på novella «Han» i avisa Studvest frå 1981 som sin eigentlege litterære debut. Allereie i den novella finst mykje av det som karakteriserer Fosses tekstar: repetisjonar, indre monologar, ein suggererande og musikalsk skrivestil.

 

I 80-åra gav Fosse ut prosa, dikt og barnebøker, men det store gjennombrotet som forfattar kom med romanen Naustet frå 1989.

(Samlaget.no)

  • Fødd 29. september 1959 i Haugesund.

  • Norsk forfattar og dramatikar.

  • Bur i Statens æresbolig for fortjente kunstnarar, Grotten i Oslo.

  • Norges mest omtalte og spilte dramatikar etter Henrik Ibsen.

  • Skriv skodespel, romanar, diktsamlingar og barnebøker.

  • Debutroman: «Raudt, svart», 1983.

  • Dramatikardebut: «Og aldri skal vi skiljast», 1994.

  • Oversett til over 40 språk.

  • Satt opp på meir enn 900 scener over heile verda.

  • Har mottatt priser som Gyldendal-prisen, Den internasjonale Ibsen-prisen, Dobloug-prisen, den østerrikske Nestroy-prisen, Nordisk dramatikar-pris, Norsk kulturråds  ærespris, Hedda-prisen (ærespris), Brageprisens hederspris, Svenska Akademiens nordiska pris og Nordisk råds litteraturpris i 2015.

Fosse_skalert foto agnete brun.jpg

Foto: Agnete Brun- Samlaget

bottom of page