top of page
  • Facebook
  • Instagram

Fosse-senteret

Utdrag frå arbeidet

Januar 2026:
Arbeidet med å etablera eit Jon Fosse-senter i Strandebarm går framover.

Prosjektet er vorte grundig utgreidd, og skriftleg utgreiing har vore på offentleg høyring.

I fjor vart det sett ned ei prosjektgruppe med representantar frå Vestland fylkeskommune, Kvam herad, Hardanger og Voss museum, Nynorsk kultursentrum og Fosse-stiftinga.

Gruppa har hatt ei rekke møte, der ein har drøfta både innhald, form og plassering.

Dei plasseringsalternativa som har vore framme i debatten, har vorte nøye vurderte. I prosjektgruppa er full semje om plasseringa.

Leiar for Fartøyvernsenteret i Norheimsund, Åsmund Kristiansen, har på oppdrag frå stiftinga. og i nært samarbeid med prosjektgruppa, utarbeidd ein grundig og vel grunngjeven søknad om  midlar til å føra opp eit Fosse-senter på Tangerås i Strandebarm.

Søknaden vart sendt til departementet like før årsskiftet.

Gruppa held fram arbeidet med å førebu etablering og oppføring av senteret.

Fosse-stiftinga får mange spørsmål, frå journalistar, omsetjarar, litteraturvitarar, forfattarar, institusjonar av ymse slag osb. frå inn- og utland.

Dette fortel oss at interessa er stor, noko som gjev oss motivasjon til å halda fram med arbeidet.

​

Meir om:

Kvam Herad: Det vidare arbeidet med Fosse-senter i Strandebarm - Nettsider for Kvam herad
Vidare arbeid med Jon Fosse-senter 
​

​

Vestlandfylke: rapport-forprosjekt-jon-fosse-senter-i-strandebarm.pdf

​

​Nyhende:
nrk: 7. juni 2024 kl. 12:43

Støttar Jon Fosse-senter

Vestland fylkeskommune spyttar inn 100.000 kroner for å opprette eit Jon Fosse-senter i forfattaren si heimbygd Strandebarm. Midlane vil gå inn i eit forprosjekt. Fylkeskommunen vil samarbeide tett med Kvam herad og Fosse-stiftinga. Fosse fekk i fjor haust Nobels litteraturpris.

I forprosjektet bør relevante samarbeidspartar som Nynorsk kultursentrum, Norsk Forfattersentrum Vestland og Skrivekunstakademiet delta, heiter det i vedtaket i fylkesutvalet. Det same gjeld krefter i lokalmiljøet i Strandebarm, skulane og Hardanger og Voss museum.

​​
14. november 2024 kl. 08:38

Kultur i Vestland

Nytt Jon Fosse-senter kan bli en realitet

Det kan komme et nytt Jon Fosse-senter på Strandebarm, Jon Fosse sin hjembygd.

Prislappen på det planlagte senteret ligger på over 100 millioner kroner. Det er Vestland fylkeskommune, Kvam herad og Fosse-stiftelsen samarbeider om prosjektet.

Fylkesdirektør for kultur i Vestland, Per Morten Ekerhovd mener det er behov for et senter etter Fosse mottok Nobelprisen for litteratur i fjor.

Hallgeir Aase i Fosse-stiftelsen er kritisk til arbeidet som nå blir gjort.

– Det fremstår litt diffust, og fremdriftsplanene var ikke gode nok.

I forprosjektet har samarbeidspartnerne forsøkt å kartlegge hva senteret skal fylles med og hva som skal formidles.

​

​

​

bottom of page