top of page
  • Facebook
  • Instagram

Avenir Light is a clean and stylish font favored by designers. It's easy on the eyes and a great go-to font for titles, paragraphs & more.

Kommande arrangement
Me planlegg tilskipingar med utgangspunkt i forfattarskapet til Jon Fosse, men me vil også arrangera andre førestillingar som held høgt kunstnarleg nivå. No har me på plass avtalar med utøvarane for hausten, men førestillingar er ikkje heilt datofesta.

Dette året har me mest arrangement og arbeid i september i samband med Fossorama, lanseringa av “Kjærast”, filmen Jon Fosse har skrive manus til.

«Gitarmannen» ikkje datofesta
Skodespelet «Gitarmannen» , manus av Jon Fosse, oppsetjing frå DNS, med skodespelar Bjørn Wilberg Andersen.

Denne teatermonologen har gått for fulle hus i Bergen vinteren 2026. Fosse-stiftinga har inngått ein intensjonsavtale med DNS om at oppsetjinga skal koma til Fossehuset når ein er ferdig med framsyningane i Bergen i vår, men dato er ikkje fastsett enno.

«MIRRA» ikkje datofesta
med Benedicte Maurseth (hardingfele)
Håkon Stene (rytmisk og melodisk slagverk, elektronikk)
Mats Eilertsen (kontrabass, el-bass)
Morten Qvenild (piano, elektronikk)

 

Verket «Mirra» har element frå folkemusikk, amerikansk minimalisme og fri improvisasjon, seier komponisten og felespelaren Benedicte Maurseth.
Ho er inspirert av livet til villreinen på Hardangervidda, som er truga av menneska, som avgrensar plassen til dyra.

Albumet Mirra frå 2025 er oppfølgjar av «Hárr» som kom ut i 2023. I «MIrra» er det villreinen nær Mauseths heimtrakter ved Hardangervidda som har solistrolla. Mirra er eit eldre utdøydd dialektord frå Hardanger som skildrar ulike aspekt ved reinen sitt liv.

Verket følgjer delar av villreinens åtferd og årsyklus, og dei distinkte lydane til reinen er ein viktig del av komposisjonane.


«Mirra» har sidan lanseringa motteke svært gode kritikkar nasjonalt og internasjonalt og vunne mange prisar. «Mirra» vart til liks med Hárr også kåra til eit av verdas ti beste folkemusikkalbum for 2025 av The Guardian.

FOSSORAMA

Fossorama i Kvam i september, med kick-start på Fossedagane 1. mai
“Fossorama” er samlenamnet på ei rekkje arrangement som skal gå føre seg nasjonalt og internasjonalt i samband med premieren på filmen “Kjærast”, regissert av Erik Poppe, basert på filmmanuset “Bad Moon Rising”, som Jon Fosse skreiv for om lag tretti år sidan.

Kvam herad og Fosse-stiftinga samarbeider med lanseringsgruppa frå produksjons- og distribusjonsselskapet i Oslo om opplegg for ulike aldersgrupper ved premieren i ungdomshuset i Strandebarm 18. september og på den nye vidaregåande skulen og biblioteket i Norheimsund etterpå.

Fosse-stiftinga har fått ansvar for program i Fossehuset

laurdag 19. september: “Hundemanuskripta 2” og “Og takk til Gud” og i tillegg arrangement med foredrag om og opplesing frå den siste boka til Jon Fosse,“Vaim hotell” på biblioteket i Kvam.

1. mai - på Fossedagane kl 15 “Frå manus til film”

 

Regissør Erik Poppe og Trine Skei Grande frå Den norske forleggerforeningen samtaler om prosessen frå manus til film og viser filmsnuttar frå “Kjærast”. Gratis program

17. september på biblioteket i Norheimsund:
“Vaim hotell”
- Foredrag og opplesing ved Jan H. Landro og Liv Marit Aksnes -
tilskipinga er gratis.

 

Jan H. Landro er journalist og forfattar og er fast teatermeldar i Dag og Tid. Han har skrive sakprosabok om romanane til Jon Fosse og er svært oppdatert om norsk samtidslitteratur. Liv Marit Aksnes er pensjonert amanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har arbeidt mykje med retorikk, drama og litteratur, skrive mange lærebøker i norskfaget og er verdsett som opplesar.

 

18. september Filmpremiere i Strandebarm:
ungdomsskuleelevane er inviterte, og det vert litt program i samband med filmvisninga. Elevane vil arbeida med filmkunnskap og filmanuset før premieren i norskfaget.

19. september i Fossehuset “Hundemanuskripta” del 2,
opplesing ved skodespelar Anderz Eide og musikk ved bassist Per Zanussi.

«Hundemanuskripta» av Jon Fosse består av tre korte forteljingar, som vart skrivne på 1990-talet. Seinare vart dei gitt ut som éi bok. Hovudkarakterane er hundar med menneskelege eigenskapar, lengt og draumar. Forteljingane minner om fablar, og tekstane er underfundige og morosame. Hundemanuskripta 2 er kalla «Du å du» og handlar om ein gamal hund som bur åleine ved ein fjord. Tematikken dreiar seg om einsemd, venskap og draumar. Skodespelaren Anderz Eide er ein høgt skatta opplesar. Han har vitja Fossehuset fleire gonger, og publikum gler seg over tolkinga hans av bøkene til Jon Fosse. Med seg på scena har Eide denne gongen Per Zanussi på kontrabass.

19. september «Og takk til Gud»i Fossehuset om kvelden

med Eline Holbø Wendelbo tekst,

vokal Arnhild Vik piano

Brage Botn Seim, cello

Førestillinga let tekstar av to av våre største forfattarar, Jon Fosse og Sigrid Undset, få skina i ei ramme av musikk, song og innlevande tekstframføring. Arnhild Vik, Eline Holbø Wendelbo og Brage Botn Seim framfører «Og takk til Gud», med blikk på den religiøse delen av forfattarskapet til nobelprisvinnarane, meir bestemt det katolske.


Konsertforestillinga «Og takk til Gud» består av utdrag fra Fosses siste store verk «Septologien» frå 2019-2021 og utdrag fra Undsets «Den brennende busk» fra 1929. I tillegg til tekstutdraga får publikum høyra tonesette dikt av dei to nobelprisvinnarane, og utdrag frå Nobel-foredraget til Fosse i 2023.

Tittelen på førestillinga er henta frå dette foredraget. Komponist og pianist Arnhild Vik og scenekunstner Eline Holbø Wendelbo har samarbeidd om ulike førestillingar heilt sidan 2014.
Dette vert fjerde gongen dei vitjar Fossehuset. Publikum har sett stor pris på programma deira.

20. september: "Kjærast"

Kvam kino - ordinær visning av “Kjærast” i Norheimsund

23. september: "Kjærast"
Visning for skuleelevar i Kvam vgs i Norheimsund.

4. oktober «Sigd»
med Morten Svartveit
Kjærsti Odden Skjeldal
Sjur Miljeteig.

Skodespelarane Svartveit og Odden Skjeldal har saman med musikar Sjur Miljeteig ei scenisk lesing av Ruth Lillegraven si diktsamling «Sigd», som kom ut i 2010.Svartveit og Skjeldal medverka i framsyninga «Sigd» ved Det Norske Teateret frå 2019-2020.

Bearbeidinga av teksten og regien har dramaturg Ingrid Weme Nilssen. Dikta fortel historia om ein odelsgut på 1800-talet som vert råka av ein sjukdom som gjer at livet for han sjølv, familien og garden tek ei ny vending.

 

8. november «Tam Glen» / Robert Burns på nynorsk

med Annlaug Børsheim Vik og Olav Tveitane

 

Duoen Tam Glen består av Annlaug Børsheim frå Ulvik (song, fele, gitar) og Olav Tveitane (song, cister, gitar). Dei har laga eit program med songar av Skottlands nasjonalskald Robert Burns, gjendikta på nynorsk av Johannes Gjerdåker frå Voss.

 

Melodimaterialet er for det meste skotske tonar, ispedd nykomponerte melodiar og instrumentalparti henta frå britisk/irsk tradisjon. Annlaug Børsheim frå Ulvik er ein allsidig utøvar med bakgrunn frå norsk folkemusikk, rock og popmusikk. I tillegg arbeider ho med teaterprosjekt og litteraturformidling. Olav Tveitane frå Bergen er ein veteran i folkemusikken, og han har arbeidt med ulike innan- og utanlandske spelemenn og songarar. Børsheim og Tveitane starta opp duoen Tam Glen i 2010, og dei har sidan ofte vendt tilbake til tekstane til Robert Burns, som Johannes Gjerdåker gjorde tilgjengelege for nordmenn.

 

Desember : «Det blå landet» med Sinikka Langeland og Knut Hamre (ikkje datofesta)

 

Dette programmet består av dikt av Olav H. Hauge og Hans Børli, med tonefylgje av musikar Sinikka Langeland og hardingfelespelar Knut Hamre. Dei freistar formidla noko av det stemningsfulle, drøymande og mystiske som ein kan finna i tekstar av desse to diktarane. Ofte er dikta knytt til natur og lengt.

Ingen arrangementer for øyeblikket

bottom of page