Nyheit
Siste nytt:
-
- Gjestekunstnar i residens Myra.
-
- Arrangørnettverk møttes på Epos før LitFestBergen
Gjestekunstnar-residens
Tora Sanden Døskeland har residens på barndomsheimen til Jon Fosse, Myra.
Diktsamlinga "Behold meg" (2018) var hennar fyrste bok. utgitt av Oktober forlag.
Tora Sanden Døskeland (fødd 1992) frå Bergen, er forfattar, litteraturvitar og formidlar. Ho har bachelor i litteratur fra Universitetet i København, master frå Universitet i Oslo og har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen.
Ho er busett i Hardanger og er programrådgjevar for Litteratursymposiet og Sentralbadet litteraturhus i Odda.

Foto: Linn Heidi Stokkedal
Arrangørnettverk 3. februar - Epos
Før LitFestBergen møttes arrangørnettverk for litteratur på Vestlandet.Representantar frå Fosse-stiftinga, Tekstalliansen, Tekstallmenningen, Litteratursymposiet, Sentralbadet, Bokbyen Fjærland, Bokbyen Stavanger, Jacob Sande senter og Epos, ​Nettverket har fått utviklingstilskudd til ei felles litterær forestilling, og bransjebygging.
Dagleg leiar fekk mykje fagleg innputt og nye bekjentskap i dette fagmiljøet. Ei svært nyttig workshop er overstått, me glede oss til å få i gang produksjon av ei litterær forestilling som vil visast hjå alle i nettverket.
Her er eit glimt frå arrangørnettverket på Epos:​Anne Arnesen Mørch frå Tekstallianse Bergen.​Heidi Bøhagen frå Bokbyen Fjerland.Rakel Cacilie W. Solheim frå Jakob Sande.Tora Døskeland, programrådgjevar for Litteratursymposiet og Sentralbadet i OddaMaria Pile, dagleg leiar Litteraturbåten Epos. Ida Sørås, dagleg leiar Litteraturhuset i Stavanger.Ingvild Ystanes, styreleiar i Sentralbadet og festivalleiar i Litteratursymposiet.Eirin Lindtner Storesund fra Tekstallianse i Stavanger

Fosseprisen 2026
Den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson har fått Fosseprisen 2026.
Ho kjem til Oslo for å halde Fosseforedraget på ei tilstelling på Slottet 23. april.
​
Fosseprisen for omsetjarar 2026 er tildelt Paula Stevens frå Nederland for arbeidet sitt med å fremja norsk språk og litteratur i utlandet. Ho har omsett mange bøker til nederlandsk.
​
Kronprinsesse Mette Marit, som er «Prisens høye beskytter» skal overrekka prisen til vinnarane.
Fosseprisen vart oppretta av den norske regjeringa etter at Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur i 2023. Prisen vart utdelt for første gong i 2025.
​
Fosse-stiftinga gratulerer prisvinnarane og vonar at dei vil koma til Strandebarm ein gong.
No på Fossedagane 2026 kjem vinnaren av omsetjarprisen i fjor, Heinrich Schmidt-Henkel. Han skal halda foredrag i Fossehuset 2. mai kl 16.
2025
Hipp hurra!
31. desember:
Viktig milepæl for Fosse-senteret.
Søknad om senteret har blitt sendt til Kulturdepartementet 30.desember!
Me feirar at arbeidet med å formulera prosjektskildring, utforming, innhald og romplan endeleg er sett saman til ein god søknad til statsbudsjettet 2027.
No startar vidare arbeidet med hovudprosjektet,
Sverre Sørnes, Rolv Haugarvol og Kaj Wigum i byggenemnda driv arbeidet fram for stiftinga.
Residens på Fosse
20. desember:
Søknad for Våren 2025 open.
Ordninga er retta for skrivande innan litteratur- og scenekunstfeltet, og det vert lyst ut to opphald på ein månad kvar for til saman fire kunstnarar.
Bustaden er eit eldre gardshus med gode, men enkle fasilitetar. To kunstnarar vil dele husværet under opphaldet.
Det er mogleg å ha arbeidsrom i bustaden eller på Fosseloftet – eit nyare bygg ved Strandebarm marina. Det er også mogleg å låne eit spartansk stølshus som høyrer til garden.
Strandebarm i Hardanger er ei vakker, lita bygd mellom fjorden og fjella. Her finn ein daglegvarehandel, kafe og uendeleg med turmoglegheiter. Bygda ligg 1,5 timar med bil frå Bergen og ein halvtime frå kommunesenteret Norheimsund.
Kven kan søke:
Profesjonelle, etablerte skjønnlitterære forfattarar, dramaturgar og regissørar. I denne omgang er ordninga retta mot norske kunstnarar som jobbar med tekst.
Vilkår:
Opphaldet er gratis, men Fosse-stiftinga ynskjer at gjestekunstnarane vil bidra til formidlingsprogrammet i Fossehuset med ei opplesing eller presentasjon av eige arbeid mot slutten av opphaldet. Ein får også invitasjon til å komme tilbake med program under Fosse-dagane.
Søknad til fossehuset@gmail.com
Open time på rådhuset

11. desember 2025
Fossestiftinga fekk komme på open time i Heradsstyret 11. desember.
Åsmund Kristiansen la fram planane for Jon Fosse senter i Strandebarm.
Arbeidet i prosjektgruppa har i haust vært godt og Åsmund Kristiansen har ført til pennen søknad til Kulturdirektoratet om bygginga av Senteret.
Med Geoplan si hjelp har me og fått romplan klart. Utgreiing av tomter i Strandebarm har ført til at prosjektgruppa har komme fram til Tangerås som lokasjon for senteret i Strandebarm.
Politikarar fekk moglegheit til å stilja spørsmål, og kom med god støtte frå talarstolen til prosjektet.
**Programmet 2025 var:
Onsdag 24. september 2025
- Forfatter Ruth Lillegraven på Strandebarm bibliotek.
- Gratis 3-timers kurs for lærere i barnehagen og småskulen på Fosseloftet, leia av Laila Fosso.
- 13:00 - 13:55: Dialektprogram for 10. klasse ved Fossehuset.
- 18:00 - 21:00: Gratis skriveverksted for ungdom mellom 12-20 år på Fosseloftet
- 19:00 - 20:15: Åpningsfest på Haugatun og konsert av folkemusikerne Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim. Billetter: 250 kr.
- 20:15 - 22:00: Gamaldans på Haugatun
Lørdag 27. september 2025
- Dagsbillett: 500 kr for alle fire foredraga på Fossehuset.- 11:00 - 18:30: Kafé i kjelleren.
- 12:00 - 12:45: Bokslepp for årboka til Kvam.
- 13:00 - 13:45 Foredrag om språk og identitet av Arve Thorvik. Billetter: 150
- 14:00 - 14:45: Foredrag av Sarifa Moola-Nernes. Billetter: 150 kr.
- 16:30: Underholdning for bebuarar på Strandebarm omsorg.
- 16:00 -17:00: Foredrag av Else Berit Molde om språkring. Billetter: 150 kr.
- 17:00 - 17:45: Foredrag av Margunn Rauset om språk og KI-intelligens. Billetter: 150 kr.
- 19:00 og utover: Konsert på Haugatun med Gjertruds Sigøynerorkester. Billetter: 350 kr.
Søndag 28. september 2025
- 11:00 - 12:15: Festivalgudstjeneste i Strandebarm kyrkja som feirer 100 år med nynorsk salmebok.
- 12:00 Åpent hus med lett servering hos keramikeren Linda.
- 14:00: Omvisning i Kinck garden.
- 15:00: Omvisning i Myra, barndomsheimen til Jon Fosse kr 100 - påmelding









