top of page
  • Facebook
  • Instagram

«Jon Fosse seier det som ikkje kan seiast –  korleis kan ein då omsetja det som vert sagt utan ord?»

lør. 02. mai

|

Fossehuset

Bill. kr 250 Vipps #576605 Hinrich Schmidt-Henkel held foredrag. Vinnaren av Fosseprisen 2025, Hinrich Schmidt-Henkel, snakkar flytande norsk og er ein inspirerande foredragshaldar. Han har mykje av æra for at Fosse sin litteratur også vert sett pris på i Tyskland.

«Jon Fosse seier det som ikkje kan seiast –  korleis kan ein då omsetja det som vert sagt utan ord?»
«Jon Fosse seier det som ikkje kan seiast –  korleis kan ein då omsetja det som vert sagt utan ord?»

Tid og stad

02. mai 2026, 16:30

Fossehuset, Strandebarmsvegen 153, 5610 Strandebarm, Norge

Om arrangementet

«Jon Fosse seier det som ikkje kan seiast –  korleis kan ein då omsetja det som vert sagt utan ord?»

Den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel vart i 2025 den første vinnaren av Fosseprisen for omsetjarar.den høge beskyttaren for prisen, Kronprinsesse Mette Marit,  overrekte prisen til Schmidt-Henkel på ei tilstelling på Slottet i april i fjor.

Schmidt-Henkel omset litteratur frå norsk, fransk og italiensk til tysk. Han har omsett verk av mange kjende norske forfattarar, mellom andre Tarjei Vesaas, Kjell Askildsen, Ruth Lillegraven, og ikkje minst Jon Fosse. Schmidt-Henkel har omsett nesten alle verka til Fosse, både drama, prosa, poesi og essay, og han har såleis lagt grunnlaget for at Fosse fekk stor merksemd i Tyskland.

Schmidt-Henkel er ein høgt skatta foredragshaldar, og festivalnemnda er svært glad for at han takka ja til å koma til Fossedagane og tilføra festivalen ein internasjonal dimensjon. 

I foredraget sitt vil han fortelja om kva utfordringar og gleder omsetjingsarbeid fører med seg, og han vil spesielt ta for seg korleis det har vore å arbeida med verk av Fosse.


Del dette arrangementet

Program Fossedagane 2026

bottom of page