top of page
  • Facebook
  • Instagram

Vaim Hotell

tor. 17. sep.

|

Fossehuset

Jon Fosse sin oppfølgar "Vaim Hotell" vert presentert, lest og haldt føredrag om i Fossehuset denne torsdag kveld. Liv Marit Aksnes og Jan Harald Landro inntar salongen i Fossehuset.

Vaim Hotell
Vaim Hotell

Tid og stad

17. sep. 2026, 19:00 – 20:20

Fossehuset, Strandebarmsvegen 153, 5610 Strandebarm, Norge

Om arrangementet

Ticketco: https://fossehuset.ticketco.events/no/nb/e/vaim_hotell


VAIM HOTELL:


Ein mann legg seg inn på Vaim Hotell der vertinna Brita styrer på myndig vis. Kva er det med dette hotellet ved fjorden? Fiskesett, skulderveske, lommebok, bilnyklar, alt forsvinn, og noko dukkar opp att. Korleis kan det ha seg at Gjesten blir sett i arbeid og endar opp med å skifta lyspærer på alle romma?

Vaim Hotell er ei underleg og urovekkjande forteljing om Gjesten, Brita, Handelsmannen og Sjømannen.

Dette er den andre av tre romanar knytte til den oppdikta staden Vaim.



Samtale og utdrag i Fossehuset 17.september.


Jan Harald Landro og Liv Marit Aksnes vil halde foredrag og lese utdrag frå boka Vaim Hotell i Fossehuset.

Jan H. Landro er journalist og forfattar og er fast teatermeldar i Dag og Tid. Han har skrive sakprosabok om romanane til Jon Fosse og er svært oppdatert om norsk samtidslitteratur.  

Liv Marit Aksnes er pensjonert amanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har arbeidt mykje med retorikk, drama og litteratur, skrive mange lærebøker i norskfaget og er verdsett som opplesar.



Kafé i kjelleren 1 time før programstart.


Billett 250kr



Arr: Fossestiftinga


Støtta av Kulturrådet, Vestland fylkeskommune og Folkeakademiet

Del dette arrangementet

Program Fossedagane 2026

  • "Mor og barn"
    "Mor og barn"
    lør. 02. mai
    Fossehuset
    Send melding til 90915419 for å bestille billett. Få igjen ☺️ «Mor og barn», eit intens drama mellom ei mor og hennar vaksne son. Levande lesing med skodespelarane Hildegun Riise og Morten Svartveit Programmet varer om lag ein time Fotokredit: Det Norske Teateret - Fotokredit: Erika Hebbert
  • «Dikt og tonar frå fjorden»
    «Dikt og tonar frå fjorden»
    lør. 02. mai
    Fossehuset
    Bill. kr 300. Vipps #576605 To av dei mest kjende og kjære kunstnarane i Hardanger har komponert eit poetisk program til Fossedagane 2026.
  • «Jon Fosse seier det som ikkje kan seiast –  korleis kan ein då omsetja det som vert sagt utan ord?»
    «Jon Fosse seier det som ikkje kan seiast –  korleis kan ein då omsetja det som vert sagt utan ord?»
    lør. 02. mai
    Fossehuset
    Bill. kr 250 Vipps #576605 Hinrich Schmidt-Henkel held foredrag. Vinnaren av Fosseprisen 2025, Hinrich Schmidt-Henkel, snakkar flytande norsk og er ein inspirerande foredragshaldar. Han har mykje av æra for at Fosse sin litteratur også vert sett pris på i Tyskland.
bottom of page