Poesikonsert "Mørket har eit lys"
tor. 30. apr.
|Fossehuset
Kjøp billett på Vipps #576605 i døra - 400kr for enkelt billett. Skodespelar Hildegun Riise i tett samspel med pianist og komponist Kristin Skaare. Desse to har saman skapt ein mangslungen poetisk vev som vekslar mellom det undrande og kjærleiksfylte til den uro og lengt som finst i kvar av oss.


Tid og stad
30. apr. 2026, 20:00 – 21:00
Fossehuset, Strandebarmsvegen 153, 5610 Strandebarm, Norge
Om arrangementet
“Mørket har eit lys”, er utvikla av Riise og Skaare for Fossedagane 2026. Riise har alltid hatt eit sterkt tilhøve til poesi, og ho har gjennom mange år produsert og sjølv medverka i mange poesikonsertar med musikarar innan klassisk, jazz og folkemusikksjangeren.
Skodespelar og regissør Hildegun Riise var tilsett ved Det Norske Teatret i 34 år og har hatt rollar i alt frå musikalar, greske tragediar til moderne dramatikk. Ho har spelt i mange teaterstykke av Jon Fosse, som ho set svært høgt. I 2015 debuterte Riise som regissør på Nationaltheateret med «Morgon og kveld», og ho hadde sjølv hovudansvaret for dramatiseringa av denne Fosse-romanen.
Riise har også hatt sentrale roller i film- og tv-produksjonar og motteke teateret sin Heddapris, filmen sin Amandapris og Aase Bye-prisen.
Pianist og komponist Kristin Skaare er ein stilsikker kunstnar som lett og ledig rører seg innan ulike musikalske sjangrar. Ho har utdanning i musikkvitskap og har samarbeidd med blant andre musikarane Stein Torleif Bjella,Ola og Kari Bremnes og Frode Alnæs. Ho har også medverka i filmar og andre tverrfaglege produksjonar.
Kristin Skaare har motteke mellom anna VG sin musikerpris, Rolf Gamleng-prisen og fleire prisar som filmkomponist.
Riise og Skaare har hatt ulike oppdrag i lag gjennom det siste året, noko som har gjeve meirsmak til vidare samarbeid.
Konserten varer om lag ein time.
Program Fossedagane 2026

lør. 02. maiFossehusetSend melding til 90915419 for å bestille billett. Få igjen ☺️ «Mor og barn», eit intens drama mellom ei mor og hennar vaksne son. Levande lesing med skodespelarane Hildegun Riise og Morten Svartveit Programmet varer om lag ein time Fotokredit: Det Norske Teateret - Fotokredit: Erika Hebbert
lør. 02. maiFossehusetBill. kr 300. Vipps #576605 To av dei mest kjende og kjære kunstnarane i Hardanger har komponert eit poetisk program til Fossedagane 2026.
lør. 02. maiFossehusetBill. kr 250 Vipps #576605 Hinrich Schmidt-Henkel held foredrag. Vinnaren av Fosseprisen 2025, Hinrich Schmidt-Henkel, snakkar flytande norsk og er ein inspirerande foredragshaldar. Han har mykje av æra for at Fosse sin litteratur også vert sett pris på i Tyskland.
