"Det sørgelege ved å vera dramatikar"
fre. 01. mai
|Fosse kai
Bill. kr 400 Vipps #576605 Cecilie Løveid og Jan H. Landro samtalar på Epos. Foto: Helge Skodvin / foto: Jan M. Lillebø


Tid og stad
01. mai 2026, 16:30 – 18:00
Fosse kai, Strandebarmsvegen 130, 5630 Strandebarm, Norge
Om arrangementet
“Det sørgelege ved å vera dramatikar”
Litteraturbåten “Epos” 1. mai kl 16.30 - 18.00
Bill. kr 400 (dagsbillett 1. mai kr 900) Vipps #576605
Avgang frå kaien på Fosse, Strandebarmsvegen 130, kl.16.30. Først tek Epos seg ein rundtur på fjorden. Om bord vert det høve til å kjøpa seg noko å drikka. Med på turen er forfattar og dramatikar Cecilie Løveid og journalist Jan H. Landro. Når båten legg til kai igjen, blir det ro og fred til å høyra samtalen mellom desse to.
Cecilie Løveid har litt av kvart å fortelja om korleis det er å skriva dramatikk - sanneleg ikkje nokon dans på roser - og kor forskjellig det er å skriva skodespel samanlikna med andre sjangrar. I tillegg opnar ho litt opp om kompliserte tilhøve til teatersjefar og regissørar. Samtalen vil også dreia seg om andre sider ved det allsidige forfattarskapet hennar. Det kan hende Løveid også har nokre tankar om nobelprisvinnaren frå Strandebarm.
Bergensaren Cecilie Løveid vert rekna blant dei fremste norske samtidsdramatikarane. Tre gongar har ho fått Ibsenprisen, og ho har også vorte tildelt ei rekkje andre litterære prisar og internasjonal oppmerksomheit. I tillegg til skodespel har ho også skrive romanar, diktsamlingar og barnebøker.
Jan H. Landro er forfattar og journalist. Mange kjenner han som tidlegare journalist i BT og no fast bokmeldar i Dag og Tid. I 2022 gav han ut «Jon Fosse – enkelt og djupt – om romanane og forteljingane hans», der han analyserer alle romanane og lengre prosatekstar av Jon Fosse.
Program Fossedagane 2026

lør. 02. maiFossehusetSend melding til 90915419 for å bestille billett. Få igjen ☺️ «Mor og barn», eit intens drama mellom ei mor og hennar vaksne son. Levande lesing med skodespelarane Hildegun Riise og Morten Svartveit Programmet varer om lag ein time Fotokredit: Det Norske Teateret - Fotokredit: Erika Hebbert
lør. 02. maiFossehusetBill. kr 300. Vipps #576605 To av dei mest kjende og kjære kunstnarane i Hardanger har komponert eit poetisk program til Fossedagane 2026.
lør. 02. maiFossehusetBill. kr 250 Vipps #576605 Hinrich Schmidt-Henkel held foredrag. Vinnaren av Fosseprisen 2025, Hinrich Schmidt-Henkel, snakkar flytande norsk og er ein inspirerande foredragshaldar. Han har mykje av æra for at Fosse sin litteratur også vert sett pris på i Tyskland.
