

Tid og stad
04. okt. 2026, 19:00
Fossehuset, Strandebarmsvegen 153, 5610 Strandebarm, Norge
Om arrangementet
Skodespelarane Svartveit og Odden Skjeldal har saman med musikar Sjur Miljeteig ei scenisk lesing av Ruth Lillegraven si diktsamling «Sigd», som kom ut i 2010.
Svartveit og Skjeldal medverka i framsyninga «Sigd» ved Det Norske Teateret frå 2019-2020.
Bearbeidinga av teksten og regien har dramaturg Ingrid Weme Nilssen. Dikta fortel historia om ein odelsgut på 1800-talet som vert råka av ein sjukdom som gjer at livet for han sjølv, familien og garden tek ei ny vending.
Foto: Ingrid Weme Nilsen
Detaljar: Dørene opnar ein time før
Kafé i kjellaren
Billett: 300kr
Ticketco eller i døra
Ticketco: https://fossehuset.ticketco.events/no/nb/e/sigd
Adresse: Fossehuset. Strandebarmsvegen 153.
Støtta av Hardangerrådet, Kulturrådet, Vestlands fylkeskommune og Folkeakademiet
Program Fossedagane 2026

lør. 02. maiFossehusetSend melding til 90915419 for å bestille billett. Få igjen ☺️ «Mor og barn», eit intens drama mellom ei mor og hennar vaksne son. Levande lesing med skodespelarane Hildegun Riise og Morten Svartveit Programmet varer om lag ein time Fotokredit: Det Norske Teateret - Fotokredit: Erika Hebbert
lør. 02. maiFossehusetBill. kr 300. Vipps #576605 To av dei mest kjende og kjære kunstnarane i Hardanger har komponert eit poetisk program til Fossedagane 2026.
lør. 02. maiFossehusetBill. kr 250 Vipps #576605 Hinrich Schmidt-Henkel held foredrag. Vinnaren av Fosseprisen 2025, Hinrich Schmidt-Henkel, snakkar flytande norsk og er ein inspirerande foredragshaldar. Han har mykje av æra for at Fosse sin litteratur også vert sett pris på i Tyskland.
