top of page
  • Facebook
  • Instagram

Erik Poppe og Trine Skei Grande om manus til film. "Kjærast"

fre. 01. mai

|

Fossehuset

Regissør Erik Poppe kjem med smakebitar av filmen «Kjærast» og snakkar om Jon Fosse, bok og film saman med Trine Skei Grande. Gratis arrangement Fotokredit Paradox | Fotokredit Trine Hisdal

Registreringen er lukket
Se andre arrangementer
Erik Poppe og Trine Skei Grande om manus til film. "Kjærast"
Erik Poppe og Trine Skei Grande om manus til film. "Kjærast"

Tid og stad

01. mai 2026, 15:00

Fossehuset, Strandebarmsvegen 153, 5610 Strandebarm, Norge

Om arrangementet

«Kjærast»

Manus: Jon Fosse

Regi: Erik Poppe

Møt regissør Erik Poppe og administrerande direktør i Den norske Forleggerforening, Trine Skei Grande i Fossehuset 1. mai kl 15.

Dei har med seg klipp frå filmen, som handlar om kjærastparet Asle og Gerd, som  får barn og etter kvart slit i forholdet sitt. Temaet dreiar seg om kjærleik, avstand og brot.  

«Bad Moon Rising» kalla Jon Fosse filmmanuset han skreiv for om lag tretti år sidan. No endeleg er manuset filmatisert av ein av dei mest kjende og dyktige regissørane i Noreg, Erik Poppe, og filmen har fått tittelen «Kjærast». 


Filmen skal ha førpremiere i Strandebarm 18. september, men Erik Poppe kjem til Fossedagane for å visa folk smakebitar av filmen og fortelja om arbeidet med filmatiseringa. Noko av filmen vart innspelt i Kvam med lokale statistar. Med seg har Poppe administrerande direktør i Den norske Forleggerforening, Trine Skei Grande. 

Gratis tilgjenge.


Billett

  • Poppe og Grande

    Dette er ein gratis inngang billett

    0,00 kr

    Salget ble avsluttet

Del dette arrangementet

Program Fossedagane 2026

  • Fleire datoar
    lør. 02. mai
    Plassering er ikke bestemt ennå
    AVLYST Teaterensemblet De Utvalgte ved regissør Kari Holtan set opp skodespelet «Skuggar».
  • "Mor og barn"
    "Mor og barn"
    lør. 02. mai
    Fossehuset
    Send melding til 90915419 for å bestille billett. Få igjen ☺️ «Mor og barn», eit intens drama mellom ei mor og hennar vaksne son. Levande lesing med skodespelarane Hildegun Riise og Morten Svartveit Programmet varer om lag ein time Fotokredit: Det Norske Teateret - Fotokredit: Erika Hebbert
  • «Dikt og tonar frå fjorden»
    «Dikt og tonar frå fjorden»
    lør. 02. mai
    Fossehuset
    Bill. kr 300. Vipps #576605 To av dei mest kjende og kjære kunstnarane i Hardanger har komponert eit poetisk program til Fossedagane 2026.
bottom of page