Bokbad - Leander Djønne
man. 23. feb.
|Fossehuset
Brageprisvinnaren Leander Djønne kjem til Fossehuset 23. februar. Samtale med journalist og forfattar Jan H. Landro. Fotograf: Baard Henriksen


Tid og stad
23. feb. 2026, 19:00
Fossehuset, Strandebarm, Norge
Om arrangementet
Brageprisvinnaren 2025 kjem til Fosse
Kjøp billettar via Vipps #576605 eller følg lenka https://betal.vipps.no/8jv8hh
23. februar kan du møta forfattar Leander Djønne i samtale med journalist og forfattar Jan H. Landro i Fossehuset.
Djønne skal i februar ha arbeidsopphald nokre veker i barndomsheimen til Jon Fosse, Myra, som Fosse-stiftinga tilbyr som kunstnarresidens.
Djønne er oppvaksen i Odda og bur no på ein gard i Grimo, på vestsida av Sørfjorden. Han er utdanna biletkunstnar og har arbeidt med film, foto og installasjon. Når han ikkje er lærar, biletkunstnar eller bonde, held han på med skriving.
«Alt et», romanen som Djønne fekk Brageprisen for i fjor, er ei bekmørk forteljing om ein samansett familietragedie. Også første boka hans, «Oskespiralen» frå 2022, handlar om ein familie der vondskap dominerer liv og relasjonar. Også denne boka vart godt motteken og vann Lytternes romanpris i 2022.
Ein kan undrast over kor forfattaren hentar inspirasjon til å skapa slike rasande, valdelege karakterar som ein finn i romanane hans. Under ytre groteske handlingar kan ein ana lag av djupare tematikk om slektskap, relasjonar, skuld og skam. Jan H. Landro har mange spørsmål til Leander Djønne når dei to møtest i Fossehuset.
Arr: Fosse-stiftinga - støtta av Folkeakademiet Kvam
- Skann qr-kode for kjøp av billett på Vipps

Program Fossedagane 2026

lør. 02. maiFossehusetSend melding til 90915419 for å bestille billett. Få igjen ☺️ «Mor og barn», eit intens drama mellom ei mor og hennar vaksne son. Levande lesing med skodespelarane Hildegun Riise og Morten Svartveit Programmet varer om lag ein time Fotokredit: Det Norske Teateret - Fotokredit: Erika Hebbert
lør. 02. maiFossehusetBill. kr 300. Vipps #576605 To av dei mest kjende og kjære kunstnarane i Hardanger har komponert eit poetisk program til Fossedagane 2026.
lør. 02. maiFossehusetBill. kr 250 Vipps #576605 Hinrich Schmidt-Henkel held foredrag. Vinnaren av Fosseprisen 2025, Hinrich Schmidt-Henkel, snakkar flytande norsk og er ein inspirerande foredragshaldar. Han har mykje av æra for at Fosse sin litteratur også vert sett pris på i Tyskland.
