top of page
  • Facebook
  • Instagram

«Slik var det»/”Så var det”

fre. 01. mai

|

Fossehuset

Den svenske skodespelaren Etienne Glaser framfører teatermonologen «Slik var det», på svensk “Så var det”,som kort sagt handlar om livet og døden. Med seg har han kona, konsertpianist Maria Rostotsky. Ekteparet fekk strålande kritikkar for tolkinga si av dette stykket på Fossefestivalen i Oslo 25.

«Slik var det»/”Så var det”
«Slik var det»/”Så var det”

Tid og stad

01. mai 2026, 19:00 – 20:30

Fossehuset, Strandebarmsvegen 153, 5610 Strandebarm, Norge

Om arrangementet

Hovudkarakteren i dette stykket er ein gamal kunstnar som veit at han ikkje har lenge igjen å leva. Han ser tilbake på sitt eige liv og undrar på kva som ligg framfor seg. Den ytre handlinga er enkel, oppsetjinga sameleis, men tematikken er eksistensiell. 

“Den gamle mannen er som ein sil som livets vatn renn gjennom. Og dette vatnet er jo mitt vatn”, sa Glaser i intervju med Åsne Dahl Torp i fjor. I tillegg til å spela hovudrolla har Glaser også hatt regien for denne oppsetjinga. 

Det svenske kunstnarparet hadde svært lyst til å vitja heimbygda til Jon Fosse, og festivalnemnda er glad for å kunna få lov til å visa dette spesielle stykket for publikum i Strandebarm. 87 år gamle Glaser er ein røynd og vidkjend kunstnar i Sverige. Han har arbeidd som regissør, skodespelar og manusforfattar innan film og teater gjennom eit langt liv. 

Maria Kostotsky er…

Del dette arrangementet

Andre arrangement

    Bokbad - Leander Djønne
    Bokbad - Leander Djønne
    man. 23. feb.
    Fossehuset
    Brageprisvinnaren Leander Djønne kjem til Fossehuset 23. februar. Samtale med journalist og forfattar Jan H. Landro. Fotograf: Baard Henriksen
    Poesikonsert "Mørket har eit lys"
    Poesikonsert "Mørket har eit lys"
    tor. 30. apr.
    Fossehuset
    Skodespelar Hildegun Riise i tett samspel med pianist og komponist Kristin Skaare. Desse to har saman skapt ein mangslungen poetisk vev som vekslar mellom det undrande og kjærleiksfylte til den uro og lengt som finst i kvar av oss.
    «Slik var det»/”Så var det”
    «Slik var det»/”Så var det”
    fre. 01. mai
    Fossehuset
    Den svenske skodespelaren Etienne Glaser framfører teatermonologen «Slik var det», på svensk “Så var det”,som kort sagt handlar om livet og døden. Med seg har han kona, konsertpianist Maria Rostotsky. Ekteparet fekk strålande kritikkar for tolkinga si av dette stykket på Fossefestivalen i Oslo 25.
bottom of page